Creative Currents
  • Blog
  • EVENTS
  • Get In Touch
  • Blog
  • EVENTS
  • Get In Touch

Voss

​KRAFTA SOM SKAPAR GODE RELASJONAR

2/28/2017

1 Comment

 
     Barnet  i oss, ein kjerne i oss menneske av ljos og livsglede, korleis kan den vekkjast?  Det er noko klart og ærleg med eit barnesinn, eit ljos som skin av tillit.  ”Eg har no barnetrua mi,” er det mange som seier.  Men er det nok i ein vaksen alder,  med kjensler av ansvar og uro, frykt og tvil?  Eller hjelper det å leggja vekk alt frå barndom og stola på kunnskap og vaksen viljestyrke?       Den prisbelønna filmregissøren og manusforfattaren Margreth Olin sin nye film ”Barndom” viser noko om den frie leiken.  ”Det rommet der barn får være barn blir stadig mindre,” seier ho, og ho ville laga ein film som viser barn i møte med livskrafta gjennom leik og gode relasjonar.   I menneske sin natur ligg det ei søking etter fridom, ein trong til utforsking og individuell kreativitet som ein er fødd med. 
      Viss me går attende til røtene av menneske sin historie kan me begynna å oppdaga noko opphavleg, som me var fødde med. Korleis kan ein få dette med seg, eller finna det att i sitt indre i vaksen alder?  Å ha tillit til livet er ein kunst, er det sagt, og den tek tid å læra. Kanskje det dreier seg meir om å gje slepp på lære, å lytta til hjarta og ein indre visdom som kan sameinast med hjernen.  Læra å bruka heile menneske.
     Me treng å ta kvilepausar for hovudet.  Det er ein trend å få stille rom tilgjengeleg i samfunnet vårt, å ta tid for meditasjon, for yoga og ”mindfulness”.   Å vera fullt og heilt til stades, slik barnet er, det har me begynt å forstå verdien av.  Frå ulike tradisjonar i religion, kultur og yrkesfag har det kome impulsar til nye tankar og ny forståing av samspelet i naturen, omkring oss og inni oss.  At me har både muskelkraft og ei usynleg åndskraft,  livspusten som held kroppen gåande, og gjev alt liv.
     Menneske utviklar seg, hjernen utviklar seg, med erfaring og læring. Dette er skiftande, ein livsprosess som alltid er i endring, som mønstret blir til når ein vev eit teppe.  Grunnlaget er renningen i veven, som held det heile på plass.  Her er det ikkje noko skiftande, det berre er der.  Det må vera der.  I tradisjonane våre opplever ein ulike mønster, ulike sanningar om korleis ting skal vera.  Går ein til utgangspunktet til ulike livsmønster, kan ein oppdaga at
dei har noko felles.  At det er ei indre kraftkjelde i oss som er knytt til det som held livet på plass.  Forankringa for eit berekraftig liv.  Og at det som er skiftande, er menneske sine ulike oppfatningar og erfaringar, livsvilkår og lære.
     Når tradisjonar og lære skal overførast frå ein generasjon til den neste, eller frå ein kultur til ein annan, mister ein ofte meininga med den opphavlege intensjonen.  Det høyrer heime i ei anna tid, med andre forutsetningar. Det gjeld å vera open for kva som er relevant til kvar tid, og kva som er grunnleggjande i den evige livsstraumen.  For å praktisera det livssynet ein har, må ein gå i sitt indre, men for å utvikla eit samfunn må ein og leva i relasjonar med andre.  Og åndskrafta i vårt indre er og krafta som skapar  samfunn.  Før snakka ein om åndshøvdingar.  Det var leiarar som tilførde fellesskapet kraft, og som samla åndskrafta i samfunnet.  
     Kunnskap er viktig, men ein må få med heile mennesket, både kropp, ånd og sinn.  Det leikande menneske, det skapande menneske, det heilage menneske.  Me treng å snakka om det i vår urolege tid.  Me treng å leggja til rette for heilskapleg utvikling, trening i å få kontakt med vår indre kraft, trening i å undra oss, og dela erfaring.  Trening i å finna ro er gjerne det viktigaste.  Å vera.  Me er så mykje flinkare til å gjera enn å vera i vår kultur.  Men difor har gjerne meditasjon, yoga og liknande fått slik interesse i vår tid.  Å vera tilstades i kroppen. Det er dette som er naturleg for born, dei kan vera aktive, men dei er til stades med heile seg.
     Ein må skapa opplevingar heller enn forklaringar.  Det  er tankar frå Margreth Olin. Ho  kjem til Voss 6. mars, med foredrag og premierevising av filmen ”Barndom”.  Så blir det årlege vossaseminaret mitt helga etter påske, også i år med David Karchere frå Colorado, om å bruka åndskrafta i vårt indre. ”Inni oss finnes litt av deg, Gud, av din skaperkraft,” sa politikar Inga Marte Thorkildsen, endå ho ikkje rekna seg som religiøs.  Det handlar om å vera menneske. Men me har fokusert på menneske si tankeevne, på bekostning av det kroppslege og intuitive. Ein kan vel kalla det ein reaksjon på dette, at ånd og kropp er no begynt å bety meir.  ”Jeg gråter over min tapte barnlighet,” seier Vigdis Garbarek.  ”Jeg takker for min nye viten.  Jeg ber om hjelp til å gjenvinne min barnlighet, beholde min viten, og gå videre som et helt Menneske.”
1 Comment
Hjørdis link
2/28/2017 10:55:39 am

Hei Kari. Nettsiden din blir kjempefin! Lykke til videre :)

Reply



Leave a Reply.

    Author

     
    Kari Bye   Designer and writer working with events, programs, and written texts for creative and sustainable development.  
    Formgjevar og skribent, engasjert i skapande og berekraftig utvikling.


    Archives

    February 2017

    Categories

    All

    RSS Feed

Proudly powered by Weebly