Voss |
Barnet i oss, ein kjerne i oss menneske av ljos og livsglede, korleis kan den vekkjast? Det er noko klart og ærleg med eit barnesinn, eit ljos som skin av tillit. ”Eg har no barnetrua mi,” er det mange som seier. Men er det nok i ein vaksen alder, med kjensler av ansvar og uro, frykt og tvil? Eller hjelper det å leggja vekk alt frå barndom og stola på kunnskap og vaksen viljestyrke? Den prisbelønna filmregissøren og manusforfattaren Margreth Olin sin nye film ”Barndom” viser noko om den frie leiken. ”Det rommet der barn får være barn blir stadig mindre,” seier ho, og ho ville laga ein film som viser barn i møte med livskrafta gjennom leik og gode relasjonar. I menneske sin natur ligg det ei søking etter fridom, ein trong til utforsking og individuell kreativitet som ein er fødd med.
Viss me går attende til røtene av menneske sin historie kan me begynna å oppdaga noko opphavleg, som me var fødde med. Korleis kan ein få dette med seg, eller finna det att i sitt indre i vaksen alder? Å ha tillit til livet er ein kunst, er det sagt, og den tek tid å læra. Kanskje det dreier seg meir om å gje slepp på lære, å lytta til hjarta og ein indre visdom som kan sameinast med hjernen. Læra å bruka heile menneske. Me treng å ta kvilepausar for hovudet. Det er ein trend å få stille rom tilgjengeleg i samfunnet vårt, å ta tid for meditasjon, for yoga og ”mindfulness”. Å vera fullt og heilt til stades, slik barnet er, det har me begynt å forstå verdien av. Frå ulike tradisjonar i religion, kultur og yrkesfag har det kome impulsar til nye tankar og ny forståing av samspelet i naturen, omkring oss og inni oss. At me har både muskelkraft og ei usynleg åndskraft, livspusten som held kroppen gåande, og gjev alt liv. Menneske utviklar seg, hjernen utviklar seg, med erfaring og læring. Dette er skiftande, ein livsprosess som alltid er i endring, som mønstret blir til når ein vev eit teppe. Grunnlaget er renningen i veven, som held det heile på plass. Her er det ikkje noko skiftande, det berre er der. Det må vera der. I tradisjonane våre opplever ein ulike mønster, ulike sanningar om korleis ting skal vera. Går ein til utgangspunktet til ulike livsmønster, kan ein oppdaga at dei har noko felles. At det er ei indre kraftkjelde i oss som er knytt til det som held livet på plass. Forankringa for eit berekraftig liv. Og at det som er skiftande, er menneske sine ulike oppfatningar og erfaringar, livsvilkår og lære. Når tradisjonar og lære skal overførast frå ein generasjon til den neste, eller frå ein kultur til ein annan, mister ein ofte meininga med den opphavlege intensjonen. Det høyrer heime i ei anna tid, med andre forutsetningar. Det gjeld å vera open for kva som er relevant til kvar tid, og kva som er grunnleggjande i den evige livsstraumen. For å praktisera det livssynet ein har, må ein gå i sitt indre, men for å utvikla eit samfunn må ein og leva i relasjonar med andre. Og åndskrafta i vårt indre er og krafta som skapar samfunn. Før snakka ein om åndshøvdingar. Det var leiarar som tilførde fellesskapet kraft, og som samla åndskrafta i samfunnet. Kunnskap er viktig, men ein må få med heile mennesket, både kropp, ånd og sinn. Det leikande menneske, det skapande menneske, det heilage menneske. Me treng å snakka om det i vår urolege tid. Me treng å leggja til rette for heilskapleg utvikling, trening i å få kontakt med vår indre kraft, trening i å undra oss, og dela erfaring. Trening i å finna ro er gjerne det viktigaste. Å vera. Me er så mykje flinkare til å gjera enn å vera i vår kultur. Men difor har gjerne meditasjon, yoga og liknande fått slik interesse i vår tid. Å vera tilstades i kroppen. Det er dette som er naturleg for born, dei kan vera aktive, men dei er til stades med heile seg. Ein må skapa opplevingar heller enn forklaringar. Det er tankar frå Margreth Olin. Ho kjem til Voss 6. mars, med foredrag og premierevising av filmen ”Barndom”. Så blir det årlege vossaseminaret mitt helga etter påske, også i år med David Karchere frå Colorado, om å bruka åndskrafta i vårt indre. ”Inni oss finnes litt av deg, Gud, av din skaperkraft,” sa politikar Inga Marte Thorkildsen, endå ho ikkje rekna seg som religiøs. Det handlar om å vera menneske. Men me har fokusert på menneske si tankeevne, på bekostning av det kroppslege og intuitive. Ein kan vel kalla det ein reaksjon på dette, at ånd og kropp er no begynt å bety meir. ”Jeg gråter over min tapte barnlighet,” seier Vigdis Garbarek. ”Jeg takker for min nye viten. Jeg ber om hjelp til å gjenvinne min barnlighet, beholde min viten, og gå videre som et helt Menneske.”
1 Comment
The child in us, a core in us human beings of light and joy, how can that be awakened? There is something clear and honest about a child, a light shining with trust. “Well, I have my childhood faith,” people often say, when conversation relates to religion. But is that adequate in a grownup world, with responsibilities and fears and doubts? Or does it help to leave behind all of childhood and put your trust in knowledge and mental will-power? The award-winning film-maker Margreth Olin shows in her new film, “Childhood”, something about free play. “There is less and less room for children to be children,” she says. She wanted to make a film showing children’s natural interaction in play and good relations. There is a natural wonder and curiosity in human beings, an individual creativity we were born with.
If we go back to the roots of human history we can begin to discover something native, which we were born with. How can we keep this with us, or recover it from within ourselves, in our grown-up state? To trust life is said to be an art, and it takes time to learn. Perhaps it relates more to letting go of certain learning, to listen to the heart and inner wisdom which can interact with the mind. Learning to use our whole being. We need to give our head some breaks. There is a trend now to offer stillness-rooms in our society, to take time for meditation, for yoga and “mindfulness”. In a world of much distraction, we have begun to see the value of learning to be present, as children are. From different traditions in religion, culture and professions, impulses have come to change our consciousness, brought new understanding of our interaction with nature, as it is within us and beyond. We experience that we have both physical power and an invisible spiritual power, the breath of life which keeps the body going, and gives life to everything else. The human being is under development, the brain is developing, with experience and learning. This is a variable life-process which evolves as a pattern being woven on a loom. The foundation is the warp, the tight threads holding it all in place. This part does not change, it is just there. It must be there. In our traditions we experience various patterns, various truths about how things should be. If we go to the source of different patterns, we can discover that they have something in common. That there is an inner source of power which is connected with that which holds life in place. The anchor for sustainable living. And that the many patterns in the timeless life-process, are people’s different perception, interpretation, experience, living-condition and learning at any given time. When traditions and learning are transmitted from one generation to the next, or from one culture to another, the original meaning and intention are often lost. It belongs in a different time, with different conditions. It is important to be aware of what is relevant now, and what is the foundation in our human life-process. In order to practice one’s faith, one has to go within, but in order to develop a sense of community we have to live in relations with others. And the energy which can create a society lies in our spirit within. We used to talk about “åndshøvding”; “ånd” means spirit, “høvding” means chief, a tribal word for leader, from ancient times. The word “åndshøvding” began to be used in the Romanticism of the 19th century to describe people who, with a certain inner power, had an inspiring and unifying impact on our society. They helped empower the Norwegian people to independence from Sweden in 1905, with peaceful means and no war. Knowledge is important, but we need the whole human being; both body, mind and spirit. The playful, the creative, and the divine human being. We need to talk about these things today, in our time of anxiety. We need to make room for holistic development, for practice in sensing our inner power, practice to wonder, and to share our experiences. To practice stillness within so we can sense what is there. To be. We are so much better at doing than being in our culture. But that may be the reason why there today is so much interest in meditation, yoga, and healing spirituality. To be present in your body, that is natural for children. They can be active, but they are present with their whole being. We need to create experiences rather than explanations. Those are Margreth Olin’s thoughts. On March 6 she will be in Voss to present her new film “Childhood”. Then my annual Voss Seminar will take place the weekend after Easter, also this year with David Karchere from Colorado: Making our spiritual heritage relevant to our lives today. “Within us we find something of You, Lord, of Your creative power,” said our politician Inga Marte Thorkildsen, even though she says she is not religious. It really is about being human. But we have had such a focus on the human mind, at the cost of body and intuition. Perhaps it is a reaction to this, which has given spirit and body a new meaning. “I am thankful for my new learning,” says Vigdis Garbarek, “I ask for help to recover the child in me, keep my learning, and move on as a whole Human being.” |
Author ArchivesCategories |
Proudly powered by Weebly